Så er ho død, diakonisse Ingrid Ingebrigtsen, i ein alder av 94 år. Ho vart født i Florvåg på Askøy i 1905 og tok utdanning som sjukepleiar ved Bergen Diakonissehjem. I 1935 vart ho innvigd som diakonisse og fekk si første og lengste teneste ved Kyshopitalet i Hagevik, der ho var avdelingssøster i vel tretti år.
Etter at "Kysten" vart lagd ned som tuberkulosesjukehus, gjorde ho teneste ved Døves Aldershjem fram til 1974, då ho gjekk av med pensjon.
Bak desse tørre linene skjuler det seg eit innhaldsrikt og sjølvoppofrande liv i teneste for Gud og menneske. Då søster Ingrid kom til "Kysten" i 1935, vart ho avdelingsleiar på "Verandaen", ei avdeling der det låg kring 16 born i alderen fire til tolv-fjorten år med bein- og leddtuberkulose. Og "verandagutar" vart vi kalla, vi som var sende til "Kysten", frå Rogaland i sør til Nordmøre i nord, i von om at behandlinga der skulle gjere oss friske att.
Det utvikla seg eit merkeleg miljø prega av ei spesiell form for humor, moro og galne påfunn, som ofte dekte over angst for eigen og andres sjukdom, heimlengt og fortviling.
Syster Ingrid lyser i minnet til alle "verandaguttene". For oss var ho "mor" som kom til oss og stod eller sat ved senga når smertene herja, angsten brende og einsemda knuga. Ho sprang med bekken og vaskefat, tørka bort spy og vaska skitne bakendar, reinsa materiesår, klipte hårluggen, tørka tårer, pynta juletre og laga til pakkar til dei som ikkje fekk noko.
Ho ba kveldsbøn med oss og song "Himmelske Fader, herleg utan like", og ja, kva meir skal vi nemne av alt det ei kvinne gjer når ho er glad i borna sine?
Ein tidlegare verandagut skreiv slik i eit brev: "Søster Ingrid Ingebrigtsen var avdelingssøster, og hun var som en mor for alle verandaguttene, som vi ble kalt. Guttene mine, sa hun, og hennes gutter ble vi alle. Hun kunne skjenne når vi hadde gjort rampestreker, og være fortvilet, ja, gråte, når vi oppførte oss som verst. Men hun forsvarte oss i tykt og tynt overfor andre som klaget. Ingen av hennes gutter hadde gjort noe galt hvis noen kom for å straffe.
Så vil vi heidre søster Ingrid som representant for dei mange kvinnene som gjennom åra gav seg sjølv i teneste, arbeid og sann omsorg for sine medmenneske. Berre få fekk høve å sitje i festsalar, men i hjarto til verandagutane har dei heidersplass.
Bergens Tidende 9.3.2000