Linda Veberg Søgnen, barne- og ungdomsarbeider

Torsdag 12. mars, «unntakstilstand» – Norge stenges ned

I dag har det vore ein rar dag, der vi har gått i ei slags boble.
I dag blei skuler og barnehager stengt. Det samme med treningslokaler og ulike bedrifter.

Korona-viruset har spredt seg, men vi har tatt det litt med ro. Først fordi det ikkje gjaldt vårt land. Då det kom til Norge blei eg litt meir obs, men fortsatt tok eg det nok ikkje så alvorlig.

Antall smitta for eit par dager sidan gjekk fra ca 250 eine dagen og til 500 neste dag. Mange har blitt satt i karantene fordi dei har vore i landa med smitte i. Det har vore eit virus som har spredt seg veldig fort og plutselig angår det oss også.

Det har blitt økt fokus på handhygiene og hosting dei siste dagane.
For eit par dager sidan blei det bestemt at arrangement med eit visst antall personer skulle avlyses. Nokre har i det siste meint at Norge burde stenges ned, mens eg (sammen med sikkert ganske mange andre) har forholdt meg til anbefalingene som blei delt. Eg har tenkt at smitten kjem nok hit før eller seinere, men ikkje at det ville vere så alvorlig som det føles no. I går fekk vi høyre om folk i nabokommunene som blei satt i karantene og nokre var smitta.

I dag tidlig fekk vi beskjed på jobb om å vaske hendene våre (og barnas) enda grundigere og enda oftere. Vi skulle begynne å vaske dører o.l. før og etter jobb, og div. andre tiltak. Eg fekk ikkje satt meg inn i alt med ein gong sidan vi skulle dele barna i grupper og ha kvar våre musikksamlinger med dei. Dagen gjekk i eitt fram til eg skulle ha pause kl 13.

Kl. 13 gjekk eg til pauserommet, der blei det fulgt med på ein pressekonferanse og eg fekk vite at skuler og barnehager skulle stenges. Det var all info vi fekk til å begynne med.

På ein måte var det litt godt å høyre, for skal ein få bukt med dette bør jo dei fleste vere heime og ikkje berre nokre få. Det er godt at det blir gjort tiltak som begrenser smitte.

I pausen sjekka eg nyheter og måtte sende ein del sms'er hit og dit. Eg og 16 åringen min hadde tenkt oss på treningssenteret når eg var ferdig på jobb, og der og då visste eg ikkje at dette også blei stengt, men eg sendte ei melding til datra mi og sa at vi måtte droppe det i dag.

8-åringen min skulle på idrettsskule om kvelden, og planen var at eg skulle hente ho der etter trening. Så eg sendte melding til leiaren og spurte om det blei noko av. Men fekk til svar at det ikkje blei trening i dag pga. det som blei sagt i pressekonferansen. Etter kvart tikka det inn meldinger frå andre aktiviteter som ungane er med på, om at det ikkje blei trening/øving på ei stund framover.

Etter pausen var det å gå tilbake til barnehagekvardagen på avdelinga. Det blei ei litt rar og uvirkelig stemning blant personalet, samtidig som vi opptredte normalt ovenfor barna. Det var mange tanker og spørsmål som svirra rundt i hovudet.

Kva ville dette ha å seie for oss på jobb framover?

Kva ville dette ha å seie for mine eigne barn og min eigen familie?

Vi visste ikkje anna enn at Norge blei stengt ned.

Nokre foreldre kom og henta barna sine tidlig frå barnehagen, og alle tok med seg alt av utekle og anna heim.

Vi høyrte frå foreldre som hadde vore på butikken at det var mykje folk i butikkane og at det blei handla inn i store kvantum.

Eg hadde seinvakt denne dagen. Eg tenkte at vi måtte sikkert tilbake på jobb for å rydde og vaske litt, men eg rydda vekk mykje av det som barna hadde latt stå framme i «spare-hyllene», som perlebrett med litt perler på og legobiler dei hadde bygd, og rydda litt ekstra før eg låste for dagen.

Eg var innom butikken før eg køyrte heimover, og der var det fortsatt mykje folk. Og mykje var det tomt for som td. kjøttdeig, pølser, brød m.m.

Eg handla inn litt av det vi kom til å trenge over helga, men elles hadde eg ikkje behov for så mykje meir. Vi har eigen gard der vi har både mjølk og egg, og dopapir/tørkepapir har vi ein god del av etter ulike dugnader som ungene har hatt (eg høyrte på nyhetene om kvelden at det var mange som hadde hamstra dette).

Då eg kom heim var det å begynne å sette seg inn i alt som var blitt bestemt og endra denne dagen. Lese innkommande mailer, sms'er og lese nyhetene på nett. Eg klarte ikkje heilt å sjå for meg den kommande tida. Vi har ein travel familiekvardag med mange aktiviteter på planen. Nokre gonger i det siste har eg tenkt at det har blitt litt for mykje, men så minner eg meg sjølv på at det er jo ting vi har valgt sjølv fordi vi ønsker å holde på med det. Men no får vi ei pause.

Eg fekk også beskjed om at foreldre som har samfunnskritiske jobber kan få ha barna sine på skule og i barnehage. Og barn med spesielle behov har også rett på dette. Derfor skal vi fortsatt holde barnehagen open.

Men korleis skal vi gjere det i familien vår?

Mannen min har fortsatt jobben som som snekker (iallfall inntil vi høyrer noko anna), pluss at han har gårdsarbeidet som inkluderer melking av kyr og stell av dyr morgon og kveld.

16 åringen min, som går på videregåande, skal vere pålogga og ha undervisning online i skuletida.

Dei to yngste skal begynne med fag på måndag. 14-åringen min søv gjerne til langt ut på formiddagen, og eg vil ikkje at 8-åringen min skal gå på sjølvstyr heile dagene.

Så i samråd med sjefen blei vi enige om at eg skal ha ein «omsorgsdag» heime med ungane i morgon. Og så får vi sjå i løpet av helga kva som skjer videre.

Fredag 13. mars

Det er som om samfunnet står stille. Som om omverda er tømt for folk. Det er ein stillhet og ei ro rundt oss.

Mykje er fortsatt usikkert. Men eg veit at vi voksne skal på jobb, og ungane mine skal gjere skulearbeid heime. Derfor kjem eg og mannen min til å dele på å vere heime i tida framover. 16-åringen min har undervisning online, og korleis vi skal gjere det med dei to yngste får vi meir info om etter kvart. Eg har vore innom barneskulen og ungdomsskulen, og henta bøkene deira i dag. Der var det knapt eit menneske å sjå. Bussane stod oppstillt på bussplassen som vanlig klokka 14.30, men dei såg heilt tomme ut då dei køyrte deifrå.

Det merkast at samfunnet er stengt ned. Det var lite folk på butikken då eg var innom den, og mannen min som hadde vore på jobb fortalte om unormalt lite trafikk i sentrum i rushtida.

Eg er takknemlig for at eg har ein sikker jobb, og tankane mine går til dei som har måtta stenge arbeidsplassen sin og har ei usikker framtid i møte.

Eg sjekker sosiale medier og nyhetene ofte. Eg har behov for å få vite meir både når det gjeld jobb, ungane, skulearbeidet deira og kva som går føre seg ute i samfunnet.

Tida vi går inn i no vil fortsette med mykje uvisshet og tanker om framtida. Både når det gjeld utvikling av viruset og korleis samfunnet vil klare seg gjennom dette. Kva konsekvenser vil dette få for kvar enkelt?

Kjem skuler og barnehagar til å vere stengt lenger enn det som først er blitt sagt (til 26. mars?)

Kor lenge skal vi holde oss mest mulig vekke frå folk?

Kor lenge kjem dette til å prege oss og kvardagen vår?

Spørsmåla er mange og usikkerheten stor.Vi veit lite om framtida. Så no må vi leve i nuet og prøve å ta ein dag om gongen.

Tirsdag 17. mars

I helga var det kun ein smitta i kommunen, i går to til.

I dag var min første dag på jobb etter at barnehagen stengte. Vi har fått retningslinjer å forholde oss til når det gjeld tiltak for å hindre smittespreiing.

Nokre av oss vaksne er på jobb, mens andre er heime pga sjukdom, karantene, heimekontor el.l. På mi avdeling var det 4 barn i dag. Nokre av oss vaksne var saman med ungane, mens andre holdt på med praktiske oppgåver som td. vasking av leiker, jobbe med barnas bildepermer, rydde barnas skuffer ol.

Då eg skulle ha pause var det tikka inn fleire meldinger på telefonen min. Det viste seg at eit barn på skulen til tenåringen min hadde fått påvist smitte. Denne eleven blei sjuk siste dag på skulen, og det var mange der som ikkje var heilt i form den veka deriblant min sønn. Denne eleven har også eit søsken i 8-åringen min sin klasse.

Så det blei ei pause med mange tanker.

Eg var sjølv litt sår i halsen og 16-åringen min er også forkjøla.

Tenk om vi hadde fått smitten heim til oss allereie? Og tenk om eg smitta barn og vaksne på jobb?

Etter pausen snakka eg med styraren i barnehagen og forklarte ho situasjonen. Vi blei enige om at sidan vi var mange på jobb så kunne eg reise heim, og ha heimekontor og omsorgsdager resten av veka. Så skal vi sjå korleis ståa er til helga igjen.

Det føles som om at det vi frykta no er over oss.

Eg er ikkje redd for sjukdommen, men eg er litt bekymra for kva som kan skje og dei som er blitt smitta. Og tenk om vi smitter andre?

Eg trur ikkje at vi har fått koronaviruset i hus, men 100% sikker kan eg ikkje vere for den har jo spredt så seg fort! Og no er det nokon i vårt nærmiljø som har blitt smitta.

Eg måtte ein tur innom apoteket før eg køyrte heimover. Det var litt rart å vere i sentrum. Det er lite folk i butikkane, men utanfor apoteket var det lang kø. Man måtte holde avstand til dei foran, vere få kunder inne i sjølve apoteket og man fekk ikkje finne produkter sjølv.

Fredag 20.03.20

Korleis har denne nye tilværelsen påvirka oss?

Ungane våre har stort sett vore heime og her som vi bur er det eit godt stykke mellom husa. 16-åringen og 14-åringen har kontakt med venner og skule via sosiale medier og Teams. Den yngste testa ut Teams for første gong i dag, og det var veldig kjekt for ho å endelig kunne ha litt kontakt med vennane sine igjen.

Vanligvis er vi mykje ute blant folk på besøk, jobb, skule, fritidsaktiviteter, treningssenter og i butikker. Men no er det kun på jobb eg treff folk, og når eg ein sjeldan gong er innom butikken. Og det er rart å sjå alt som er stengt rundt omkring; td. svømmebasseng, bibliotek, butikker, frisør, hotell mm.

Når man er på jobb og i butikker må man alltid tenke på å holde avstand, passe på korleis man hoster, ha god handhygiene og ikkje ta på anna enn det man sjølv skal kjøpe.

Koronaen har fått store konsekvenser for dei fleste.

Foreldrene som må ha heimeskule med ungane sine. Mange må vere mykje heime, nokre er i karantene, nokre er sjuke, nokre isolerer seg i frykt for å bli sjuke. Og kva som skjer rundt omkring i heimane veit man ikkje. Mange har det bra, men nokre barn og voksne har det ikkje bra. Nokre kan ha heimekontor, andre står i fare for å miste jobben. Og nokre må jobbe mykje ekstra bla. dei som er i helsesektoren.


Kontakt oss

Norsk Teknisk Museum
Kjelsåsveien 143
0491 Oslo

Tlf: 22 79 60 00
Org. nr.: 979676832

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Eller fyll ut kontaktskjema

Skole og barnehage:
Epost (kontaktskjema)
Tlf: 22 79 60 60
Telefontid: Tir–fre kl. 13.15–15

 

Nyhetsbrev

Ja, takk!

Vennligst aktiver javascript for å kunne sende dette skjemaet